om

RYVARDEN KULTURFYR

Å besøke Ryvarden Kulturfyr utan å kjenne at naturen og dens krefter påverkar kropp og sjel er ikkje mogeleg. Neset fyret ligg på, strekker seg ut i havet som for å bera deg lengst mogeleg ut i den storslåtte opplevinga av møtet mellom hav og himmel. Om hauststormane herjar og du nærmast må legge deg på vinden her ute, eller om havet ligg blikk stille, kryp inntrykka inn under huden og vert verande.

Du kan rusle den halvtimes turen ut for trimmen og naturopplevinga sin del. I tillegg kan du få med deg kunstutstilling i galleriet, og nyte nysteikte vaflar.
Du kan til og med få oppleve å bu her ute i havgapet, og frå vindauga vil du ha panorama med himmel og hav i tre retningar.

Og kanskje du får oppleve å sjå kobben som held seg ved Ryvarden. Han likar å vise fisken han fangar, og ertar måkane med den. Eit syn for auga! Er du heldig, kan du også oppleve havørna, orrhøner og rådyr.
Uansett kva du velger, veit vi at det vil vere ein unik oppleving og du vert ønska hjarteleg velkommen!

Ryvarden er tildelt Olavsrosa – kvalitetsmerket til Norsk Kulturarv.
Rosa blir tildelt produkt av høg kvalitet som har grunnlag i den norske kulturarven. Kvalitetsmerket blir tildelt etter ei streng vurdering. Vurderinga legg vekt på produktet sin kulturhistoriske verdi, korleis denne er teken vare på, og korleis produktet er gjort tilgjengeleg.

historie

FRÅ RAMNAFLÒKE TIL KULTURFYR

Ryvarden – eit landemerke i meir enn 1.100 år
Ryvarden Kulturfyr står godt planta i gammal historie.
Historia om Ramnaflóke og hans reise frå Ryvarden til Island er dokumentert i Landnàmabòk frå Island. Dette gav grunnlaget for den seinare fyrhistoria.

Kystverket har automatisert fleire fyr som tidlegare gav arbeid til mange, noko som samstundes frigjorde familiebustadane knytt til kvart einskild fyr. For at verdfull bygningsmasse ikkje skulle bli ståande tom, satsa dei på etterbruk. Ryvarden fyr i Sveio lengst sør i Hordaland, har ved stor innsats frå Sveio kommune og andre fått nytt liv som Galleri Ryvarden eller Ryvarden Kulturfyr som det gjerne også vert kalla. Sveio kommune inngjekk i 1992 avtale med Kystverket om leige av bygningane ved Ryvarden til samfunnsmessige formål. Etter den tid har Sveio kommune hatt ansvar for drifta av kulturfyret, og vidareutvikla det med kulturelle og samfunnsmessige formål.

Historisk bakgrunn
Det unge galleriet står trykt planta midt i gamal historie, for Ryvarden har vore eit seglings- og kjennemerke i over 1.100 år. I korte drag lyder historien om Ryvarden slik: Innerst i Viksefjorden budde Floke Vilgerdson, seinere kalla Ramna-Floke, som vart kjend som landnåmsmann på Island. Alt i år 869 låg han på ferd til Island. Medan han venta på bør, blota han og let byggja ein varde ute på neset. Denne varden vart kjent som floka-varden og er faktisk landets første kjente sjø (seglings-) merke. Neset vart seinare heitande Ryvarden (varden mellom ryger og horder). Under blotet trolla han og kraft i tre ramnar som han sende ut for å få landkjenning då han næra seg Island. Historien om dei tre ramnane er elles velkjend på Island.

Etter ein hard tur kom Ramna-Floke med fylgje sitt til Bardastrand på Gardarholm (som Island då vart kalla), og dyra vart sleppte på eit rikt og godt beite. I alle fjordar og sund, på alle holmar og berg var det drivande fullt av fisk, kval, sel og fugl og Ramna-Floke og fylgje hans kasta seg så i huga inn i fangt og fiske at dei gløymde å syta for vinterfòr til dyra. Som eit resultat av dette laut dei slakta buskapen då vinteren kom. Vinteren vart hard (det er dokumentert uvanleg kalde vintrar nokre år), og då dei fekk sjå heile fjorden full av havis, gav dei i sitt store mismot landet namnet Island.

Etter to overvintringar drog Ramna-Floke og fylgje tilbake til Norge, men reiste sist på 870- talet attende til Island. I fylgje tradisjonen var altså Ramna-Floke ein av dei første som kom til Island. Den norske vikingen Nadodd og svensken Gardar Svåvarson var før ute, og mange hitorikarar trur at det var deira beretningar som fekk Ramna-Floke til å dra ut. Det var Ramna-Floke som namngav landet, og han var den første av dei som kom til Island som seinere slo seg ned der for godt, i Skagafjordur på Nordlandet, der det enno finns namn som Flokadalen og Flokavatn. Og sjølvsagt heiter ei gate i Rekjavik Flokegata.

Floke-varden stod ytterst på Ryvardsneset i mest tusen år og var eit viktig kjenne- og seglingsmerke langs leio.
Men frå omkring 1840 og utover skjedde det ting som stilte nye krav til tryggleik og navigering. Det var eit storveges vårsildfiske på kysten med stor tilstrøyming av fartøy. Dette gav behov for fyrlykter og m.a. på Ryvarden var det i 1849 bygd eit såkalla fiskefyr, ei tømra vaktstove på 2.6 x 2.6 m. Med trebenk og ein liten ovn. Lykta var ei lita vegglykt som skulle vera tent frå 21. des. til 1. mars under vårsildfiske. Alt i 1852 vart brennetida utvida til 10 månader. Og i tida utover arbeidde fyrdirektøren jamnt for å gjera innseglingsleiene tryggare. Kvart år blei det satt opp vardar, stakar, dagmerke, og fortøyningsringar langs kysten og fyra vart og utbygd. Slik fekk Ryvarden i 1861 hus på 8 x 6.3 for fyrvoktarfamilien. Arbeidsfolket reiv då ned den mest 1000 år gamle varden og brukte steinane til grunnmur i bygget.
Fyret vart på nytt bygd om i 1891 med lys frå ein Alladin lampe. I 1935 vart det bygd fyrbetjentbustad (noverande galleribygg) og nytt fyr med maskinhus for motorane. Det vart samstundes montert tåkelur og lyset vart endra til nettbrennar – Petromax system. Neste endring kom i 1957, ny fyrmesterbustad og ny elektrisk lampe på 250 W med lysstyrke på 7000 herfnerlys og rekkevidde på 13.4 nautiske mil.

31. juli 1984 vart det, etter vedtak i stortinget om automatisering, slutt på Ryvarden som bemanna fyrstasjon

Det er og reist ein ny varde til minne om den gamle som vart riven. Både varden og Floke-løa vart innvia jonsokafta 1994 av den islandske ambassadøren i Norge, Eidur Gudnason.