Serviceinnstilt fyrvert

som kan gi våre gjester ein god opplevelse

Liker du å jobbe i eit hektisk, kreativt miljø – gjerne lage litt mat?
Er du utadvendt og med eit smil vil møte våre gjester?
Har mulighet og vilje til fleksibilitet?
Da kan du være den rette fyrvert for Ryvarden.

Galleri Ryvarden med kafé er ope alle søn- og helligdagar i sesongen.
I sommarsesongen er galleriet også ope onsdag, torsdag, fredag og lørdag.
I tillegg vert galleriet brukt til lukka arrangement som selskap, kurs- og konferanselokale.

Vi ønskjer personar som:
Er utadvendt, samarbeidsvillig, kan arbeide sjølvstendig og har god serviceinnstilling
Gjerne har erfaring med publikumskontakt og sal
Har mulighet og vilje til fleksibilitet.
Fokuserer på kvalitet, trivsel og kreativitet

Aktuelle arbeidsoppgåver:
Aktiv deltaking i drift av kafé og arrangement
Kafé: Fyrverter i kafé må også lage enkel mat. Evt være villig til å lære.
Må pårekna arbeid på søndagar, enkelte helligdagar, samt arbeid i sommarhalvåret – etter oppsett vaktliste.

Vi kan tilby:
Spennande arbeidsområde i eit kreativt miljø
Fleksibel arbeidstid – kan gjelde både dag, kveld og helg. Passar godt som ekstrajobb
Stillingane vert lønna etter gjeldande regelverk

I vår vurdering vil me leggja vekt på følgjande:
Personlege kvalifikasjonar
Fleksibilitet
Gode samarbeidsevner
Intervju og referansar

Anna informasjon:
CV må inneholde kronologisk oversikt over utdanning og praksis
Ved evt. intervju må attestar leggast fram og referansar oppgis.
Nærare opplysningar kan du få hjå Gunn Bente Håvardsholm, tlf 951 95 800.
Søknad med CV kan sendast på e-post til ryvarden@sveio.kommune.no eller via post til
Ryvarden Kulturfyr KF, Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio

Meny