Det går mot jul 
Kva er vel betre i ei kanskje travel førjulstid å senke skuldrene med ein stemningsfull julekonsert?

Vi inviterer deg hermed til «Julelegender» med Kjell Inge Torgersen.
Med seg på arr. & gitarar har han Aril Schøld
Onsdag 12. desember kl. 20.00 i galleriet på Ryvarden
Billettpris kr. 465,- som også inkluderer servering av mat
Det blir kun forhåndssal av billettar. Kan gjerast til mobil 95195800 – gjerne sms om du vil.

Kjell Inge Torgersen kombinerer drivande god musikalitet med lun humor.
Ein konsert med han er ei heilaftan, uansett tid på dagen. Som mangeårig songar,
tekstforfattar og komponist har han skrive ei rekke songar og tekstar, gjendikta Sting til norsk,
gjendikta julesongar til norsk og skriv for andre artistar.

Julelegender inneheld ei veksling mellom nyskrivne songar,
gjendiktingar av anglo-amerikanske julesongar og tradisjonsrike norske julestemningar.
Stjernenatt blei A-lista av NRK P1 riks.

Foto: Dag Knudsen

Meny