Hausten er definitivt komen! – Kveldane er mørke, vi bruker meir tid innadørs,
tenner levande lys og mange fyrer heilt sikkert opp i peisen også 🙂

Kva passar då betre enn ein lun haustkveld med interiørglede på Ryvarden?
Onsdag 17. oktober kl. 19.00  kjem «Anne på landet», boligstylist og interiørveileder frå Os
til Ryvarden og forteller om interiørglede.
Her får vi mulighet til å lære og ta til oss tips og lærdom om følgjande tema:

  • Fargar – korleis enkelt lage ein fargepalett til heimen
  • Gjenbruk/redesign – tenke nytt, bruke det du har
  • Korleis lage stilleben

Kun forhåndssal av billettar.
Billettpris kr. 350,- som også inkluderer servering av deilig suppe m/brød.
Kan gjerast til tlf 951 95 800 – gjerne sms om du vil
Det vil denne kvelden vere mogleg å køyre heilt ut til fyret.