Kunstnaren Sigurd Søreide stiller ut i galleriet på Ryvarden frå og med 04. september.
Søreide er fødd i1951, og har vore aktiv og laga bilete sidan han starta på lararskulen i 1973. Han har formingsutdanning, har gått fleire kurs og måla saman
med kunstnaren Øivind Sand.
Søreide har hatt mange utstillingar både privat og saman med andre kunstnarar.Teknikkane han brukar spenner frå litografier til olje og akryl.
Inspirasjonen finn Søreide i den flotte og varierte vestlandsnaturen vår. Det skiftande lyset og fargespelet i naturen gjev motivasjon til nye bilete. Uttrykket hans skiftar frå abstrakt til meir figurativt. Å få stilla ut kunsten på Ryvarden har vore ein draum Søreide har bore på lenge.
Vi ønskjer han hjertelig velkommen!

Meny