Akryl og akvarell med Bjørg og Maren Sofie Strømme

September og starten på hausten på Haugalandet og i Sunnhordland,– Galleri Ryvarden innbyr til ny utstillingsopning med nye kunstnarar.
Vi gleda av å ønskje velkommen tilbake til kunstnarane Bjørg og Maren Sofie Strømme. Mor og datter.
I september og fram til medio oktober skal dei med sine salgsutstilling sette preg på gallerilokala på Ryvarden.
Utstillinga vert opna søndag 06. september kl. 13.00.

Bjørg Strømme,
Utdanna faglærer i forming, med hovedvekt på tekstil ; design og funksjon av produkt og gjennomføring fram til ferdig resultat ….. Ein spennande prosess !
Teikning og akvarellmaling har ho vært opptatt av i svært mange  år, men for alvor tok ho opp igjen akvarellmalinga for vel 25 år siden. Akrylmaling starta hun med for ca. 6 år siden. 
Utstillinga består av  bilder i akryl og akvarell. Du vil finne dramatiske fjellmotiv og store fargerike blomster i akryl, og spennande skatter i akvarell.
Bjørg er en røynd og velrennomert kunstner, med mange utstillinger bak seg, både innan- og utanlands. Ho har vel 30 års bakgrunn i skulen med formingsfag, og har delteke på – og sjølv hatt kurs i akvarell- og akrylmaling. Også på Ryvarden.

Maren Sofie Strømme,
har praktisert som billedkunstner i over 35 år, og har hatt ei rekke utstillingar, både her i Norge og på Island.
Ho bruker akryl-teknikk, med innslag av f.eks. fiskeskinn, og ho utdyper tekstur,struktur og dybde i bildene sine, og bruker vågale kontraster i eit abstrakt uttrykk.
Inspirasjonen henter ho helst i kystlandskapet og  dei mange flotte Fitjarøyene, og fra fleire opphald på Slåtterøy Fyr i Brandasund.
Også turer til slekta på Island har gitt  inntrykk som kjem fram i fleire av bileta ; det fantastiske landskapet fullt av kontraster, råhet , fargar og kraft.
Utstillinga si på Ryvarden kallar ho  «Fargar fra ein sommar»

Utstillinga står til og med 11. oktober.