Endelig – oppstart av ny galleri- og kunstsesong på Ryvarden Kulturfyr.
Ny kunstutstilling i galleriet vert opnar søndag 05. mars

Første kunstnar ut dette året er Marianne Fransson Pedersen.
Vi ønskjer henne og  hennar utstilling med temaet «HAVET», hjertelig velkommen.
Utstillinga vert opna søndag 05. mars kl. 13.00


Marianne Fransson Pedersen, busett på Haugalandet. For mange også kjent via «Penselstrøket»
Kunstnar som har hatt sitt virke gjennom mange år. Kunsthåndverk har alltid hatt stor plass hos henne, men ho har i løpet av sitt arbeid også utvikla seg meir innan billedkunst/teikning/foto/grafikk og vev.
Det figurative kjenneteikner hennar uttrykk, men samtidig er impulsiviteten og det å ikkje ha faste rammer rundt kunstverk, viktig for henne.
I konteksten rundt utstillinga ho skal ha på Ryvarden, har ho teke utgangspunkt i problematikken av plast frå havet. Som er og blir eit stort problem for bl.a. dyrelivet, både til lands og vanns.
Før blei havet brukt som søppelkasse. Kloakk gjekk rett ut i fjorden, og det same gjorde mykje av gjenstandene vi ikkje lenger kunne bruke. Sidan den gong har avfallet vårt blitt håndtert stadig bedre. Fra havet som søppelkasse til deponi, til forbrenning og nå i stadig aukande grad til gjenvinning.
Kunstnaren vil med denne utstillinga sette søkelys på dette, og ikkje minst gjenbruk og redesign av å øke ressursutnyttelsen ved gjenvinning.

Galleriet er ope alle søndager og helligdagar kl. 11-16.
Utstillinga står til og med 30. april.