Våren er her, og ny separatutstilling med ny kunstnar i mai og juni.
Vi ønskjer Lise Birkeland og hennar kunst hjertelig velkommen!
Lise Birkeland er opprinnelig fra Flekkefjord, der ho er født og oppvokst.
Ho bur og arbeider i Stavanger, der ho har eigen verkstad. Arbeider no
med akt og stilleben.
I sin kunstkarriere har Lise arbeidd mykje med dyptrykk, etsinger, koldnål og grafikk.
I separatutstillinga ho skal ha på Ryvarden vil utstillinga bestå av originaler med akvarell/tusj og akryl – aktteikningar og stilleben.
Ei spennande og vakker utstilling inntar galleriet på Ryvarden.
Kunstnaren Lise Birkeland er ein veletablert og anerkjent kunstnar. Medlem av
Norske Kunsthåndverkere og Norsk billedhoggerforening. Ho har hatt ei rekkje separatutstillingar og delteke i mange kollektivutstillingar.
Utstillinga vert opna søndag 07. mai kl. 13.00
Kunstnaren vil vere til stades under opninga.
Galleriet er ope alle søndager og helligdagar kl. 11-16 og frå og med
20. mai; – også lørdagar kl. 12-16
Utstillinga står til og med 25. juni.