Koreansk papir – HANJI

Han = Korea Ji = Papir

Korea har over 1300 års historie i papirlaging, og vart innført frå Kina m

Korea har over 1300 års historie i papirlaging, og vart innført frå Kina mellom år 200 -700. I Asia har koreansk papir fått ord på seg for å være eksepsjonelt vakkert og sterkt.

Ordtak seier at silke varer i 500 år – Hanji i 1000 år.

Hanji er laga av dak = koreansk morbærtre ( Mulberry)

Dak vert hausta mellom november og februar – før fibrane stivnar. Det er den inste barken som vert nytta til hanji.

ellom år 200 -700. I Asia har koreansk papir fått ord på seg for å være eksepsjonelt vakkert og sterkt.
Hanji er laga av dak = koreansk morbærtre ( Mulberry)
Hovudingrediensane er enkle: inste barkfibrar frå morbærtre, naturleg «formasjonshjelp» (hibiskus) og reint vatn.
Det er ikkje tilsett fyllstoff eller andre tilsetningsstoff.

Fibrane vert banka for hand med treklubbe (enkelte bruker maskin).

Hibiskusrota vert hausta i mai-juni. Denne avgjer naturleg formasjonsvæske og ligg i bløyt i 2-3 timar. Hibiskusrota vert tilsett fibermassen og det blir ei viskøs væske som held fibrane frå kvarandre og hindrar dei i å floke seg. Fibrane får flyte fritt over ramma når ein lager papir og gjer det lettare å skilje arka frå kvarandre. Ein fører ramma både vertikalt og horisontalt, noko som gjer papiret svært sterkt. Ferdige ark vert dampa inntil fibrane er kompakte. Dette tilfører papiret styrke, glans og forbetrar blekk å spreie seg utover papiret.

Hanji er vakkert å både sjå og ta på, men har og ein verdi i noko som ikkje er synleg på overflata. Samanlikna med papirmasse frå andre planter, er fibrane frå koreansk morbærtre lange, fleksible og elastiske. Hanji er PH nøytral og har lang levetid. Det er veleigna til å arkivere eller lage vakre objekt. Buddhistiske munkar lagde papir til sine heilage skrifter.

Frå 14-1500 talet vart Hanji ein del av dagleglivet for folk. Farga papir vart populært og ein tilførte planter som for eksempel, furutrær, ris, strå og bambus som vart inkorporert i papirmassen. Hanji vart nytta som vegg (tapet), vindauge (glas), golv (belegg) og elles til bruksgjenstandar og klær. Etter 1945 vart gamle teknikkar ved husbygging erstatta av vestleg teknikk.

Trass i at antalet handverkarar er kraftig redusert, og mange papirfabrikker er forsvunne, lever tradisjonen vidare. I dag vert det handlaga papiret nytta til kunst, kalligrafi, brukskunst og er populære suvenirprodukt.