Spennande kunst på fyret i sommar med Bodil Friele

Det er sommar på Haugalandet og i Sunnhordland, og tradisjonen tru – Galleri Ryvarden innbyr til sommarutstilling.

Dette året har vi gleda av å ønskje velkommen til ein spennande kunstnar, Bodil Friele.
Vi kan alle i sommar glede oss til fargerike malerier frå henne i galleriet. Malerier fylt med energi og flotte fargar og som også viser oss koloristen Friele.

Kunstnaren starta sin kunstkarriere tidlig på 1990-tallet, og har sin utdanning frå bl.a Kunsthøgskolen i Bergen.
Bodil arbeider med mange ulike media som sand, gouache, akryl, lausrevne objekt eller papirlapper som er lada med symboler. Ho drar gjerne malingen ut med sparkel, eller blander inn jord og sand for å få eit røffere uttrykk.
Ho seier sjølv «Drivkraften min er gleden over å se noe nytt og bortgjemt, og skape bilder som kan uttrykke noe av det som ligger dypt i meg»

Dei siste åra har jo også, parallelt med verk på papir og lerret, arbeidd med installasjoner av trevirke i ulike former. Som fargerike objekt på vegg, malte vedstabler eller direkte intervensjoner i naturen der ho setter farge på skogen. Verk som blir ståande over tid som små og store objekt i landskapet før dei brytes ned og tas tilbake av naturen de kjem frå.

Bodil Friele har vært svært produktiv i sin kunstneriske karriere, med deltakelse i en rekke kollektivutstillinger og nærmere 20 separatutstillinger.
Ho er innkjøpt av ei rekke kommuner og bedrifter.

Utstillinga vert opna søndag 04. juli kl. 13.00
Kunstnaren vil vere til stades på opningsdagen
Utstillinga står til og med 29. august.

Galleriet er ope alle søndager kl. 11-16.
I perioden 06.juli – 08. august:  også tirsdag – lørdag kl. 12-16.

Meny