Hausten er her, også på Ryvarden, men like fullt – same gode stemning i galleriet med flott kunst på veggene.
Frå og med 23. oktober ønskjer vi velkommen  3 etablerte kunstnarar. Ellen Kalvig frå Suldal, Turid Vikene frå Stord og  Liv Sørvaag frå Haugesund.
Dei skal i oktober og november avslutte kunstsesongen 2022, og utstillinga på Ryvarden vil bestå av arbeid med tresnitt, keramikk, teikning og grafikk.

Ellen Kalvig bur og arbeider i eige atelier i Suldal.
Inspirasjonen kjem fra naturen og landskapet som ho bearbeider malerisk og grafisk til menneskelige omgrep ved bruk av kontraster, lys, symbolikk og assosiasjoner.
Bilete er av eit landskap eller ein metafor på noko anna,- det vel sjåaren sjølv.
Ho har vald å bu tett på naturen, og gjennom kjennskap og bruk til denne, finn ho si kjelde til kunsten.
Ellen har stilt ut jamnleg sidan 1986 i inn – og utland. Debututstilling i Sandnes kunstforening 1987, og medlem i NBK sidan 1988.

Turid Vikene er utdanna ved Statens Høgskole for Kunsthåndverk og Design i Bergen.
I 1988 flytta ho til Stord og bygde seg eigen verkstad der ho framleis produserer og har utsal.
Vikene er kjend som ein allsidig og leiken keramikar. Ho er mykje brukt som utsmykkar og kjend for å levera solid handverk. Ho vekslar mellom å laga bruksvenleg kunst i klassiske former som lysestakar, store fat, koppar, mm til å skapa store skulpturelle arbeid.
Ho arbeider stort sett med høgtbrendt steingods og litt porselen. Somme tider brukar ho metall, glas, plast og tre.

Liv Sørvaag arbeider med både teikning, maleri og grafikk. For det meste intuitivt. Ho har eit figurativt formspråk, men arbeider også med abstrakte temaer.
Ho har sidan Kunstskolen i Rogaland, frå 1999 arbeidet som billedkunstnar.
Liv har dei siste åra for sin kunstneriske virksomhet hatt eit svært høgt aktivitetsnivå.
Ho har hatt jamnlege separatutstillingar og dei siste 18 åra delteke på både gruppe- og kollektivutstillingar lokalt i Nord-Rogaland og Sunnhordaland.
Nylig nå i haust også utdelt Høstsalongens Kunstnerpris.
Liv Sørvaag er medlem i BKFR og NBK.

Utstillinga vert opna søndag 23. oktober kl. 13.00 – og står fram til og med 27. november.