Endelig – oppstart av ny galleri- og kunstsesong på Ryvarden Kulturfyr.
Ny kunstutstilling i galleriet vert opna søndag 03. mars
Første kunstnar ut dette året er Bente Sandtorv, og vi ønsker henne og hennar utstilling med malerier, teikningar og print, hjertelig velkommen.
Utstillinga vert opna kl. 13.00,
ved ordførar i Sveio, André Mundal Haukås
Bente Sandtorv er født og oppvokst i Bergen.
Ho lagar illustrasjonar og akrylmalerier. Teikningane hennar er ofte enkle og inspirert
av vår nordiske kvardag. Maleriene er meir fargerike.
Det er viktig for kunstnaren å få fram stemning, følelsar og ettertanke.
Kvart bilde har difor sin eigen historie, og ofte heng bilde og tittel godt saman.
Inspirasjonen er menneske, og få fram kor forskjellige vi menneske er.
Kunsten skal ha ei meining, og tolkinga vert opp til den som ser.
Hovudmålet er å skape ettertanke rundt dei liva vi lever, og ein idé om at alle
menneske er født med ein gnist inni seg.
Det er opp til oss sjølve kordan vi vil bruke den gnisten.
Galleriet er ope alle søndager og helligdagar kl. 11-16
Utstillinga står til og med 28. april.