Kunst på fyret med Liv Sonja Flolid i juli og august
Det er sommar på Haugalandet og i Sunnhordland, og tradisjonen tru – Galleri Ryvarden innbyr til sommarutstilling.
Dette året har vi gleda av å ønskje velkommen tilbake til kunstnaren Liv Sonja Flolid.
Ho besøkte Ryvarden sist med utstilling i 2002 då ho året før var stipendmottakar.
I juli og august i år skal ho med sin salgsutstilling sette preg på gallerilokala på Ryvarden.
Liv Sonja har dei siste åra arbeidt mest med pastellkritt og akrylmaling. Desse to teknikkane er svært ulike. Med pastellkritt kan ho gå ned i minste detalj, noko ho ikkje gjer med akryl. Uttrykka vert derfor svært forskjellige.
For tida er ho inspirert av den norske kunstnaren Hanne Borchrenvink.
«Hennar måte å forenkle motiva på, som sjølvsagt er hus – fasinerer meg. Ho går t.d. på tvers av alle reglar for perspektiv. I pastellarbeida derimot er eg trufast mot dei fleste reglar,
trur eg» – seier Flolid.
Ved sida av lærar-/ledarutdanning har Liv Sonja følgjande utdanning og erfaring:
Gjestekunstnar ved Alver Alto –museet sitt grafiske verkstad i Jyvaskle, Finland 1987. Hospitant i NKB-Rogaland, grafiske verkstad i Stavanger i 1986.
Elev av Anne Breivik i Atlier Nord, Oslo 1985/86. Eidaskulen i grafikk, Nordfjordeid, 1980-83. Garnes Husflidskule, vevlinja 1971. Bergen Kunsthåndtverkskole, Frihåndstegning 1970/71.
Liv Sonja er medlem i NKB og BTI og ho vart tildelt Ryvardenstipendet i 2001.
Ho har blant anna vore med på Vestlandsutstillingen, Hordautstillingen, Sørlandsutstillingen, Sunnhordlandsutstillingen og diverse kollektiv utstillingar samt at ho har hatt mange separatutstillingar rundt om i landet.
Ho er også innkjøpt av ulike kommunar og kunstforeningar, Norsk Hydro og Statoil.
Utstillinga vert opna søndag 12. juli kl. 13.00
Galleriet er ope alle søndager kl. 11-16,.
I perioden 01.juli – 09. august også onsdag – lørdag kl. 12-16.
Utstillinga står til og med 30. august.